Går inn i 2020 med nye krefter ved kontoret
21. januar 2020
Amalie har ein bachelorgrad i sosialantropologi frå NTNU og ein mastergrad i global utvikling og planlegging frå Universitet i Agder. Masteroppgåva hennar omhandla kvinners rolle i post-konflikt samfunn i Bogota, Colombia, der UD og Noreg har vore med som aktiv bidragsytar i fredsforhandlingane. Ho har erfaring frå Nicaragua og Argentina, gjennom studier og i arbeidsutveksling i Colombia gjennom Norec (tidlegare Fredskoprset).
I heimlandet har ho delteke i integreringsarbeid gjennom Røde Kors, CISV og Redd Barna. Engasjementet for desse nye som kom til Noreg, gjorde at ho valte å ha vere praktikant i Flyktinghjelpen (NRC). I denne rolla arbeida ho med interne granskinger globalt i NRC.
Vidare håper Amalie å få utforske det arbeidet som Trøndelags Europakontor gjer innanfor by og regional utvikling. Dette inneberer spesielt å utforske korleis trøndelagsregionen arbeider med å kartlegge og utnytte muligheter for europeisk samarbeid. Etter å ha vore på kontoret i Brussel i eit par veke, er det spesielt det arbeidet knytt opp mot bioøkonomi, men og dei kommande Europadagane som står i fokus. – Korleis trønderske aktører tek nytte av Erasmus-programmet er også svært spennande, seier Amalie engasjert.
Lurer du på noe?
Hvis du har spørsmål knyttet til medlemskap eller du ønsker mer informasjon om våre tjenester og mulighetene for europeisk samarbeid, ta kontakt med oss.